IoPT-metoden

- ein veg til å bli meir heil -

 

Velkommen hit!

Er du på leit etter noko som møter det komplekse samspelet mellom kropp og psyke og tek heile deg på alvor?

Eg heiter Astrid Ersland Sandvik, er IoPT-terapeut og arbeider etter ein metode som gjer nettopp det!

Astrid Ersland Sandvik - IoPT Bømlo

Eg tilbyr terapi og eigenutvikling innanfor ramma av Dr. Franz Ruppert sin teori og metode, Identitetsorientert psykotraume-teori og-terapi (IoPT).

 Eg held til på Bømlo i Sunnhordland. Der bur eg i eit koseleg gammalt hus med ein gammal hage rundt. Eg har innreia eit rom i kjellaren min, med store dører og vindauge ut mot hagen. Der kan du finne ro, og her er plass til alle slags tankar og følelsar.

IoPT Bømlo

Sidan eg er den einaste i Sunnhordland som tilbyr arbeid etter IoPT-metoden er eg også åpen for å reise i distriktet. Det gjeld både for presentasjonar og arbeid i grupper.

I tillegg til samtaletimar og terapi tilbyr eg veiledning, samt informasjon og foredrag. Håpar du finn noko interessant her! Velkommen til å sjå deg rundt, ta kontakt med meg eller bestille time!

Eg kan følge deg på vegen mot ei positiv endring i livet ditt!

Kva kan du arbeide med gjennom IoPT?

Det er opp til deg! Her er det ingenting som ikkje kan snakkast om og arbeidast med. Ingenting er for lite eller flaut, ingenting for stort, skammeleg eller farleg å tak i med IoPT.

Intensjonssetning IoPT Bømlo.jpg

Nedanfor ser du døme på tema som du kan komme til meg med, men om det du ønsker å arbeide med ikkje står på denne lista, betyr ikkje det at det ikkje er eit aktuelt tema:

 
Ordsky hvit.png
 
Astrid Ersland Sandvik - IoPT Bømlo

Dette er ein unik metode som på intelligent og varsomt vis løyser opp i det vonde som kroppen din ber på. Med varme, kunnskap og innsikt losar Astrid deg gjennom prosessen og utfordringane.”

— Maren (46)

Vil du vite meir?

IoPT-teorien er grundig og gir gode og forståelege forklaringar på mange ting i livet. Og ikkje minst; her er ein farbar veg ut av gamle mønster! Dette er ein veg til å bli meir heil! 

Mine tenester

Astrid Ersland Sandvik - IoPT Bømlo

Individuell terapi og terapi i gruppe

Eg tilbyr terapi både indivituelt og i grupper, på dagtid og på kveldstid. Finn det som passar for deg!

Veiledning IoPT Bømlo

Veiledning


Eg har veilederutdanning med IoPT som verktøy. Det kan vere nyttig for ulike for ulike yrkesgrupper.

Formidling - IoPT Bømlo

Formidling


Eg held presentasjonar og foredrag etter avtale, og arrangerer eigne inspirasjonskveldar.

POSISJON
et sted
en høyde
å være klar

— Stein Arne Nistad

Siste nytt frå bloggen:

Følg IoPT Bømlo på Facebook!